top of page

UWC Connect har ansvar for all besøksverksemd ved UWC Red Cross Nordic. Ynskjer du å vitje oss, organisere kurs/konferanser eller ein leir i eit unikt internasjonalt miljø, med tilsette og studentar frå over 90 ulike land som jobbar for å skape ei betre verd?

 

Sjå kva vi kan tilby og ta kontakt!

KONFERANSER



For bedrifter og andre som gjerne vil arrangere eit møte eller ein konferanse i eit spanande internasjonalt miljø kan vi legge til rette for større og mindre møter. 

Vi har møte- og undervisningsrom og auditorium, matservering og overnatting, samt aktivitetar i pauser eller når møtet er slutt.

 

Sjå i menyen for fasilitetar og aktivitetar for å sjå kva vi kan tilby, og ta kontakt for eit uforpliktande tilbod.

Vi kan skreddersy eit unikt opplegg tilpassa nettopp dykkar behov!

GRUPPEAKTIVITETAR



Mange lag og foreningar ønsker å arrangere aktivitetsdagar eller aktivitetshelgar for medlemmane sine. Vi har lang erfaring og har bla arrangert øvingshelger for korps, konfirmasjonsleirar, korsamling og slekststemne.

Vi skreddarsyr pakker til deg med overnatting, mat og aktivitetar etter ønske.

Sjå i aktivitetsmenyen og under fasilitetar for kva vi kan tilby!!

LEIRAR



Vi har lang erfaring med å drive leirar. I over 15 år har vi i sommarmånadene vore vertskap for Røde Kors sine leirar for funksjonshemma, barn med særlege behov og familiar i utsette livssituasjonar .

I skuleåret driv vi óg UWC leirskule, kor studentane ved UWC colleget er hjelpeinstruktørar.

Ønsker du å arrangere ein leir kan vi hjelpe deg!

Tenester

    UWC Connect AS

    Besøksadresse

    UWC Røde Kors Nordisk

    Haugland

    6968 Flekke 

    Telefon

    +47 57737021

    +47 414 482 97

     

    Organisasjonsnummer:

    NO 913 125 746 MVA

    bottom of page