top of page

Heileigd av UWC Red Cross Nordic, har UWC Connect ansvar for å legge til rette for at alle som vitjar campus får eit godt tilbod og får ein smak av kva det vil seie å vere ein del av eit United World College.

UWC internasjonal



Grunnlagd i 1962 samlar United World College (UWC) studentar frå heile verda- vald på grunnlag av personlege eigenskapar, utan tanke på rase, religion, politiske synspunkt og betalingsevne- med eit uttalt mål om å oppnå mellommenneskeleg respekt og medkjensle.

​

UWC RCN er ein internasjonal vidaregåande skule, den eine av til saman seksten United World Colleges (UWC) i verda.

UWC Red Cross Nordic

 

På UWC RCN deler 200 studentar frå over 90 ulike land opplevingar i klasserommet, gjennom aktivitetar og i det daglege livet på campus. Nokre studentar kjem frå konfliktområder eller har bakgrunn som flyktningar eller ein SOS barneby.

 

Målet til UWC er å bruke utdanning til å fremje samhald og gjensidig respekt i verda. Det nordiske colleget, her i Flekke, med spesielt fokus på miljø og humanitære verdiar, samlar høgt motiverte studentar frå alle verdshjørner for at dei kan bu og lære saman. Vårt mål er å hjelpe kvar generasjon studentar til å utvikle seg til aktive, kunnskapsrike borgare som vil bidra til å forandre verda til det betre.

 

Som representantar for landa sine ønsker vi at studentane våre skal påverke i sine heimland til meir forståing, medkjensle og fred. Kort sagt vil vi skape ei betre og meir tolerant verd.

UWC Connect verdiar



UWC Connect har fokus på å tilby gode opplevingar til alle vitjande ved UWC.

Samstudes vil vi at vitjande skal få del i det internasjonale miljøet på staden.

Vi trur på at møte og samhandling mellom menneske frå ulike kulturar, religionar og sosiale samfunnslag kan motverke konfliktar. 

 

Vårt andre store fokus er på miljøet.

Vi trur på at ei betre framtid er avhengig av at vi jobber for å ta vare på verda. Vi nytter så lite resursar som mogleg, vi jobbar for å tilby stadig meir mat som er lokal og økologisk og vi ønsker å stadig redusere vårt forbruk av ikkje fornybare materialer og energi.

Om UWC Connect

    UWC Connect AS

    Besøksadresse

    UWC Røde Kors Nordisk

    Haugland

    6968 Flekke 

    Telefon

    +47 57737021

    +47 414 482 97

     

    Organisasjonsnummer:

    NO 913 125 746 MVA

    bottom of page