Rappelering er kjekt om ein vil utfordre seg sjølv!
Rappellering krev ingen spesielle fysiske ferdigheitar, men når ein står på toppen av ei klippe og skal fire seg utfor må dei fleste jobbe litt med frykta for å ramle ned. Vel over kanten synest dei aller fleste at det berre er moro!
Etter rappellen samlast vi i botn og utvekslar erfaringar rundt bålet.
Ved rappell får alle opplæring og styrer sjølv rappellen, men vi bruker alltid sikringstau på dei som rappellerer for å vere trygge på at ingenting kan gå gale.
Om ein står på kanten og likevel ikkje vil rappellere er det muligheit for å gå stien rundt (500m) og treffe resten av gruppa i botn av klippa.
Minste tid: 2 timar (ved full gruppe må ein rekne lenger tid)
Anbefalt tid: 3 timar
Maksimum gruppestorleik: 20
Minste alder: 10 år
Maks vekt: 120 kg
Rapellering

