Campus til UWC Red Cross Nordic ligg vakkert til i vannkanten som ein liten landsby som formar seg til bukta.
Her er kantine og auditorium, undervisnings- og møterom, internat, båtnaust og små samlingslokaler. I 2015 stod to nye bygg, opna av Hennes Majestet Dronning Sonja, med 90 sengeplassar klare til å motta gjester året rundt.
​
Det er aldri meir enn fem minutter å gå frå ein plass til ein annan, og alt ein har behov for finnast på campus området!



Overnatting

UWC Connect tilbyr, i skulesemestret overnatting for opp til 90 personar i enkelt- og dobbeltrom og sovesalar.
Dette er i tillegg til dei 200 sengeplassane vi kan tilby sommarstid.
Møtelokale

UWC Connect kan tilby eit utval av møte- og selskapslokale.
Vi har eit auditorium med over 200 sitjeplassar, Leif Høegh senteret som kan ha omkring 120 personar til middagar og kulturarrangement, samt fleire mindre møtelokale. Til møter og konferansar kan vi leggje til rette med teknisk utstyr og materiell etter behov.
Servering

For grupper som vitjar oss kan vi tilby måltider i UWC kantina.
Vi ordner også møtemat og betre festmåltid tilpassa ulike grupperstorleiker og høve.
​