Om oss

Eg har jobba ved UWC frå 2007, er pedagogisk ansvarleg ved leirskulen og er instruktør for ulike utandørs aktivitetar. Eg studerte Friluftsliv- natur- og kulturrettleiing og tok utdanning som lærar ved Høgskulen i Telemark. I tillegg studerte eg Sosiologi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eg har jobba mykje i fjellet, på ulike brear og på havet i kajakk. Eg trivast godt på fjellet i klatresele eller på ski, og på sjøen i kajakk eller båt.
Joakim
Pedagogisk leiar ved leirskulen og instruktør

Eg har studert friluftsliv ved Norges Idrettshøgskule, i tillegg til naturfagstudier i Bergen. Eg har jobba fleire år i Forsvaret og som guide for Hvitserk. Før eg kom til UWC jobba eg i Dale Oen Experience, der eg organiserte aktivitetar og turar for barn og ungdom. Eg er medisinsk sertifisert som WFR (Wilderness First Responder) og Leave No Trace Master Educator.
Thor
Lærar ved leirskulen og instruktør

Eg er dagleg leiar ved UWC Connect og har ansvaret for økonomi, marknadsføring og utviklingsarbeid, og ikkje minst at du som vitjar oss får ei god oppleving! Eg har eit årstudie i utviklingsstudie ved Universitet i Bergen, samt ein master i samfunnsøkonomi frå Handelshøyskolen i Bergen (NHH). Tidlegare jobba eg hos Enoro AS, og ser fram til nye utfordringar som del av UWC Connect sitt fantastiske team. Eg er frå Dale i Fjaler, har 2 born og sambuar, og er svært glad i alle slags utandørs aktivitetar. Ta gjerne kontakt, eg ser fram til å bistå akkurat deg med å tilpasse eit flott opphold til dine ønsker og behov!
Leonora
Dagleg leiar